The tradition & historical record
6 min read · 2 sourcesNordisk klinkbyggingtradisjon er soga om båtbygging i Nord-Europa gjennom meir enn 2000 år. Forteljinga om ei utvikling, etter same grunnprinsipp, som har gitt stadig nye båttypar som har stetta dei krav utviklinga i samfunnet har skapt. Klinkbygging er ein måte å bygge trebåtar på, der båtborda overlappar kvarandre. Kvart bord vert lagt på utsida av bordet under. Borda vert festa til kvarandre med båtsaum. Denne måten å bygge på vert ofte nemnd skalkonstruksjon, fordi ein først bygg eit skal som gir forma på det ein bygg. Så vert det indre rameverket, innveden sett inn. Båtar og skip bygde på denne måten er gjenkjenneleg med samanhangande kjøl frå stamn til stamn. Stamnane har krumma reisning. Ein klinkbygd båt er lettare og mjukare enn ein som er kravellbygd. Før jarnsaumen kom i bruk, vart det og bygd båtar med fleire bord, etter same systemet, ved å sy saman borda ved hjelp av dyresener, vidjer eller bast. I definisjonen av klinkbygging er det overlapping av borgangane, og ein markert kjøl, som er kjennemerke, og ikkje bruk av klika båtsaum av metall. I 2021 vart den nordiske klinkbyggingtradisjonen innskriven på UNESCO si representative liste over menneska sin immaterielle kulturarv. 1
Utvikling
Arkeologiske funn er viktigaste kjelda til kunnskap om utviklinga av klinkbyde farkostar. Funn har i stor grad vorte aldersbestemte med C-14 datering, dendrokronologi, og ved å samanlikne andre arkeologiske funn. Nokre funn, som til dømes av dei best bevarte vikingskipa, gir mange opplysningar. Men det store tal av mindre kjende båtar, og fragmentariske funn, er viktig for heilskapen. Det ein har funne av båtar er berre ein veldig liten del av det som har vore, og mykje av utviklinga kjenner vi ikkje til. Helleristingar syner at det var brukt ulike båttypar samstundes. Båtbygging i Nord-Europa og Norden har utvikla seg etter ulike linjer. Sjølv over lange avstandar ser ein at båtbyggjarane lærde av kvarandre. Ut frå ein einplanka stokkebåtar, gjerne utspend, vart det etter kvart bygd båtar og skip samansette av fleire båtbord. 1
Viktige funn
Eit båtfunn som merkjer seg ut er Ferribybåtane i Nord-England. Det er eldste funnet av samansydde båtbord frå Nord-Europa. Den eldste av dei har vorte tidfest til omlag 2030 f.Kr. Båtane, som var av eik, har vore samansydde med vidjer av barlind. Dei 3-4, opp til 8, tommar tjukke sideplankane, overlappar ikkje kvarandre, som ved klinkbygging. Dei er fint samansydde, godt tillpassa,og tetta med mose, og tynne eikelister. Den eldste båten, som var best bevart, hadde vore minst 35 fot lang. Ferribybåtane gjeng ikkje inn som ein del av klinkbyggingtradisjonen. 1
Den eldste båten ein har funne som er bygd etter klinkprinsippet, der eine bordet overlappar det andre, er Hjortspringbåten, frå Als i Danmark. Han er ein del av eit offerfunn. Båten har truleg vore del av eit krigsbytte. Han har vorte knust og nedlagd i ei myr eller eit lite vatn. Han er tidfesta til kring 350 f.Kr. Frå eit botnbord, som liknar på ein utspent stokkebåt, er det to lange, breie og tjukke bord på kvar side. Botnbord og sideplankar er samansydde med snorer tvinna av bast. Dei går gjennom små hol i som er bora i plankane. Måten dei er sydde på har vorte samanlikna med lange knappholsting. Borda er av lindetre. Det er eit heller mjukt trevirke. V-forma stamnklossar mellom sidene gjer skroget tett. Under tilhogging av botn- og sidebord er det sett att klossar, som går tvers over båten i rekkjer med om lag ein meters mellomrom. I klossane er det hol for å surre avstivande band til hudskalet. Tvergåande band er og funne på utspente stokkbåtar. Eit godt døme på det er stokkebåten frå Vaalermoor i Nord-Tyskland. 1
Noko ein til no har funne berre på Hjortspringbåten er at botnplankane og toppstykka held fram som snablar i forlenging av skroget. 1
Eldste funna i Noreg
Dei eldste båtfunna Noreg med samansauma bord er: 1
I båtfunna frå Mangersnes (o -600 e.Kr.), som er båtdelar fordelt over ein lang periode, funna av keipar av ulik alder, den eldste kan ver frå f.Kr. Båtbord av lind. Valderhaugbåten (250 e.kr.) - Borda er sauma til kvarandre. Det er klampar med hol for surre båtborda til forsterkande band. Dei er delvis dekorerte med enkle innskorne linjer. Halsnøybåten (335 e. Kr. ± 65 år.) Funn av sydde bordgangar, ripbord med uthogd forsterkningslist, fastsurra keipar. Desse funna syner at i dei første hundreåra e. Kr. vart båtar samansette etter klinkerprinsippet, samansurra, utan bruk av jarn. Funn av keipar, festa til forsterka list på ripa, fortel at no vart ikkje båtane padla, men rodde. Trevirket har delvis vore av bjørk og lind, som er lettare og mjukare enn furu og eik som seinare vart mest vanleg. 1
Eit svært viktig myrfunn frå Danmark, er Nydamskipa, datert til 310-320 e.Kr. Det største, som har vore av eik, er rekonstruert til 23 meter. Kvar side har 5 kraftige eikeplankar som er samanklinka med jarnsaum, noko som er den eldste båten, bygd med denne teknikken, ein kjenner til. Dei fleste sideborda er ikkje skøytte, og er truleg laga ved at eikestokkane først vart kløyvde i to. Kvar halvdel har så vorte forma til sidebord. Det er sett att klampar som har vorte brukte til å surre band til borda. Liksom Halsnøybåten, frå om lag same tid, har Nydamskipet keipar. Det har vorte rodd, noko som er er betre utnytting av muskelkrafta til mannskapet enn padling. Ikkje noko tyder på at Nydamskipet har hatt segl. Det er funne styreår, som har vore plassert bak på styrbord side, men skipet er ikkje bygd med særlege forsterkingar for styret. Botnplanken er ein kraftig eikestokk. 1
Skip med segl
Skrogforma, solid styreåre og kraftig konstruksjon syner at Sutton Hoo-skipet og Kvalsundskipet kan ha vore segla, men sidan kjølen er så grunn, berre undan vinden. Det eldste skipet vi kjenner til som sikkert har hatt mast og segl er Osebergskipet, som ein ved dendrokronologisk analyse, finn er bygd om lag 820 e.Kr. 1
Samanlikna med dei eldre reine roskipa, har Osebergskipet ein sterkare og meir utvikla kjøl. Dei første bordgangane er brattare ned mot kjølen. Dette gir mindre avdrift og betre retningsstabilitet ved segling. På Osebergskipet er banda surra til båtborda med tæger, som går gjonnm klampar i band og bord. For å støtte skipet har det vorte sett inn bjelkar på tvers av skipet. Dei er festa med krumgrodde kne på båe sider, oppom banda. Borda er tilhogde av kløyvde eikestammer For å støtte masta er det innfelt to kraftige eikebjelkar, kjerringa og mastefisken. Osebergskipet var og roskip. Det hadde 15 årehol i øvste bordet på kvar side. Skipet har og eit flatt, delvis fastnagla tiljedekk. I overgangen mellom botn og side er ein kraftig og sterk bordgang, som vert kalla meginhufr. Dette vart vanleg i seinare skip. Samanliknar ein Osebergskipet med Gokstad- og Tuneskipet som er bygde 70-80 år seinare, finn ein at første borgang er bratt, noko som er med på å redusere avdrift, medan neste båtborda er flatare, og gir betre stabilitet. Sjølv om framdrift med årara framleis har vore viktig, er dei to siste skipa meir eigna til segling. 1
Mellomalderen
Ved … 1
The text above is adapted from the Wikipedia article “Nordisk klinkbyggingtradisjon”, available under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 4.0 licence. 1
Nordisk klinkbyggingtradisjon is recorded in open cultural data. The structured record cited below does not describe the practice, and this entry has not yet been reviewed by a person familiar with the tradition. 2





